BESSON PRESTIGE BE2052
Eg var aldri heilt dus med min Besson Sovereign 967. Det var eigentleg eit veldig bra instrument, men hadde enkelte problemtonar. Fekk eit godt tilbud på ein Besson Prestige BE2052 og då klarte eg ikkje å la være å slå til. Men det var svært lang leveringstid på dette instrumentet. Bestilte 7. mars 2007 og mottok vidunderet 29. november 2007. Altså omkring 9 mnd å vente. Det var lenge, men absolutt verdt ventetida. Det var litt omstilling med det nye instrumentet. Det er litt tyngre enn det andre og så har det trigger på hovedbøylen. Eg rekk ikkje kvartventilen skikkelig med peikefingeren på venstre hånd når eg skal ha tommelen på triggeren, så eg har difor måtte begynne å spele på kvartventilen med langfingeren. Det tok nokre dagar å bli van med det. Ellers er instrumentet ein draum å spele på. Ventilane har gått perfekt frå første dag og det er vel kanskje ikkje heilt vanlig med nye instrument. Det var i alle fall ikkje tilfelle med det gamle instrumentet mitt. Intonasjonsmessig er det heller ikkje noko å seie på. Det er relativt reint, sjølv utan bruk av trigger. Eg synes óg at problemtonar som trestrøken ciss og trestrøken e er betraktelig åpnare på dette instrumentet. Det gjeld eigentleg for heile registeret. Ein bakdel med instrumentet er at det på ein måte sug lufta ut av meg. Det går uante mengder med luft for å fylle instrumentet med den klangen som ein ønsker. Eg vil anbefale alle som har muligheten til å prøve ut Bessons nye flaggskip Besson Prestige BE2052 om muligheten byr seg. I tillegg til at det er flott å spele på så syns eg óg at instrumentet har eit lekkert design.

Gjett om eg var spent på å få åpne denne kassen!



Her ser ein tydelig dei lekre detaljane som er framheva i gull.



Og til slutt eit bilde av triggeren :)