Euphonium-helg

 

 Kort samandrag av Euphonium Helg 2007 som vart avholdt 5. - 7. oktober på Manger Folkehøgskule.

 

Fredag:

Reiste utover til Manger rett etter jobb fredag for å hente nøklar til Radøyhallen og Manger barneskule før møte eg skulle ha møte med instruktørane for å legge siste hånd på programmet for lørdagen. Etter at programmet var spikra var det tid for instruktørane å øve litt ensemble. Då ein av dei ikkje skulle kome før laurdag måtte eg vera med å spela hans stemme. Dette var utrulig morro og ikkje minst inspirerande. Det må jo kunne samanlignast med at ein fotball-fa(e)n brått fekk spørsmål om å vera med å spele med landslaget. For å sei det kort og greit, eg kunne knapt hatt det bedre. Om helga hadde vært ferdig allereie fredag kveld hadde eg reist heim fornøyd. Men ferdig var den ikkje og eg hadde mykje morro att å glede meg til. Eg gjekk nokon rundar og gjorde meg kjent på skulen og satt og høyrde på nokon av instruktørane som øvde med pianist. Her ser me Patrik Randefalk i fri utfoldelse på stykket "Euphony".

Etter dette var det tid for litt sosialt samvære med instruktørane i "Annekset". Der var det veldig trivelig og det vart sjølvsagt seint før me gjekk kvar til vårt.

 

Laurdag:

På laurdag starta dagen med frokost kl 09.00 og det var satt av tid til inndeling av grupper og velkomst kl. 10.30. Når dette var gjort satte me i gang med gruppeøving I. Etter gruppeøvinga var det på tide med eit foredrag om Euphonium Historie ved euphonist i Manger Musikklag Bent Erik B. Røed. Foredraget var særs spanande og underhaldande. At nokon kan så mykje om dette er verkeleg inspirerande. Han hadde med seg førsteutgåver av euphonium bøker frå slutten av 1800 tallet og uåpna lp plater med Leonard Falcone. Det vart også spelt musikk som var tatt opp på voksrullar i 1899 med Simone Mantia som solist. Dette var utrulig å få høyre. Dette foredraget kunne eg høyrt på i mage timar, men me hadde berre satt av ein halv time. Neste år må me ha meir tid med Bent Erik.

 

Her ser med Bent Erik med "trombone arban", i første utgave (På italiensk).

 

Alle følger spent med.

 

Deretter var det tid for lunch og me satte kursen for matsalen. Her vart det servert tomatsuppe og andre godsaker og me spiste oss gode og mette mens me snakka om kor flott foredraget til Bent Erik hadde vært. Neste punkt på programmet var eit konsertforedrag meg Geir Davidsen. Han held på med å kartlegge nye speleteknikkar som ein del av ein Doktorgrad i euphonium ved Høgskolen i Tromsø. Han stilte med eigen pianist og lydteknikkar som gav oss eit flott innblikk i arbeidet til Davidsen. Han hadde også med seg sitt spesialkonstruerte instrument med 5 ventilar og trigger. Gjennom fruktbare samarbeid med komponistar hadde han fått spesialskrive ein del musikk til dette fantastiske instrumentet. Me fekk høyra mykje flott og spanande musikk. Ein vart beint fram litt overraska kor mange lydar det går an å generere ved bruk av euphonium. Om dette høyres spanande ut, så kan ein lesa meir om Geir her.

"Steike for et horn! Sjekk her da, 5 ventiler og greier" :)

 

 

Etter konsertforedraget til Geir Davidsen var det på tide med litt egenaktivitet igjen så me satte i gang med gruppeøving II. Når gruppeøvinga var over var det tid for eit nytt høgdepunkt. Det var tid for Recital I, der Bjørn Breistein og Tormod Flaten skulle framføre sentrale verk for euphonium. Eg må dessverre melda at eg ikkje fekk tatt nokon brukbare bilder under denne konserten. Eg vart så oppslukt at det var ikkje råd. Bjørn framførte mellom anna Svart Regn av T.Aa.N og Slavische Fantasie av Carl Høhne. Tormod framførte mellom anna Parallel Reality av Pete Meechan og Harlequin av Phillip Sparke. Når konserten var ferdig tok eg nokre bilder av Tormod Flaten mens han bukka, men det var eit notestativ som blanda seg inn i bildet. Legg ut det beste av dei. Det er ikkje lett å ta bilder når ein får overdose med euphonium, meint i positiv forstand. Det kan nesten bli for mykje for ein stakkar.

Neste etter dette var det fellesøving der Thor-Arne Pedersen var dirigent. All musikken var arrangert av Bent Erik B. Røed. Det var eit utrulig syn å sjå så mange euphonister på ein gong. Når me begynte å spele var det som om taket skulle løfte seg av gymsalen på Manger. Diverre har eg ingen bilder av øvinga fredagen, men det kjem bilder av felleskorpset frå søndagen. Etter denne seansen var det tid for underholdning og det var overraskande nok ein euphonium konsert. Instruktørane spelte mellom anna "Russlan og Ludmilla".

Då var laurdagen over og mange var trøtte og gjekk beint i seng, men ein del vart sittande oppe mellom anna for å spele kort og prate med kjenningar. Ein kunne framleis høyre nokon einslige euphoniumtonar frå enkelte øvingsrom men generelt var det stille og rolig. Etter det eg har høyrt var det litt urolig på barneskulen om natta, men det er vel å rekne som normalt på slike arrangement. Etter eit særs underholdande nattlig "møte" i annekset fekk me spikra programmet for søndag.

 

Søndag:

Søndagen starta grytidlig med frokost kl 08.00 og det var satt opp felles oppvarming med Margie Antrobus frå 09.00 og ein time utover. Der fekk me spelt gode lange tonar og nokre øvelsar ho hadde forberedt til oss. Det var godt med ein slik god oppvarming når me skulle spele heile dagen og i tillegg ha konsert på ettermiddagen. Når oppvarmingen var ferdig var det tid for den siste runden med gruppeøving. Etter gruppeøvinga var det på tide med enkelttimar for alle som ønska det. Det var travelt for instruktørane men dei som fekk timar virka fornøyd. Ein del som brukte denne tida til å slappa av mellom øktene. Deretter var det tid for nok ein recital konsert. Først imponerte Patrik Randefalk oss med eit fantastisk program framført på ein upåklagelig måte. Han spela Euphony, Reverie og Pantomime på eigenhand før han fekk med seg Tor Kristian Innbjør på duettversjonen av "All those endearing young charms". Me kan vel trygt seie at Eikanger Bjørsvik er godt skodd med tanke på euphonium framover.

Her ser me Patrik spele trestrøken F som siste tone på Pantomime. Som lyn frå klar himmel og med eit lurt blikk mot dei andre instruktørane tok han trestrøken A som siste tone.

All Those Endearing young Charms vart framført på ein overbevisande måte til stor glede for alle som høyrte på.

 

Etter at me fekk summa oss litt fortsatte konserten med Henrik Dagestad-Dalhaug. Han starta konserten med å sei at "dette blir som å hoppe heile det finske landslaget", og den tanken kan ein forstå. Men Henrik hadde ikkje noko å bekymre seg over og leverte eit program i særklasse. Henrik viste oss kvifor euphonium er mykje brukt som jazz instrument rundt om i verda då han framførte ein nydelig versjon av låta "Spring can really hang you up the most". Etter dette fekk med servert nok ein stor favoritt då Henrik spelte Rule Brittania! Han avslutta konserten med "Blackbird", arrangert av Sverre Olsrud, der han mellom anna nytta multiphonics. Dette var flott!

"Spring can really hang you up the most"

 

Etter denne flotte konserten var det på tide for deltakarane å ete middag og pakke seg ut frå skulen før fellesøving og konsert.

Alle i aksjon!

Yeah! For eit syn!

 

Så var det konsert der alle gruppene opptrådde med det dei hadde øvd inn iløpet av helga. Resten av konserten presenterer eg med bilder.

Instruktør innslag

Sindre Dalhaug i aksjon

Konsentrert Bjørn Breistein

Tormod Flaten og Helga Vetås

Patrik Randefalk si gruppe

Tormod Flaten si gruppe

Sindre Dalhaug si gruppe(1)

Sindre Dalhaug si gruppe(2)

Henrik Dagestad-Dalhaug si gruppe

Margie Antrobus si baryton gruppe (1)

Margie Antrobus si baryton gruppe (2)

Helga Vetås si gruppe (1)

Helga Vetås si gruppe (2)

Tor Kristian Innbjør si gruppe

Thor Arne gjorde ein kjempejobb som dirigent for fellesensemble!

Felleskorps (1)

Felleskorps (2)

Takk for oss!

 

Med dette var helga over me pakka sakene og reiste kvar til vårt. Til og med dei som skulle ta bussen kom seg etterkvart avgårde. Tusen takk for at eg fekk vera saman med dykk alle denne helga, det var ei ære å være med å arrangere noko slikt. Nok ein gong: Tusen Takk!